Winter is coming

Publisert 29.10.2019 | Ukategorisert

Vi er nettopp ferdige med samling i Torsby, ei samling eg er veldig fornøyd med utbyttet av. Iår har vi hatt eit teknikk-prosjekt for å løfte oss i klassisk, vi har brukt mykje tid på så godt som kvar samling sidan juni til å terpe, ikkje så mange små – men store detaljar. Enkle oppgåver som: Høg utgangsposisjon for isett av stav, tidleg kraftoverføring og rask retur i staking, – låsing av hofte i høg posisjon, kraftfullt fråspark ned i underlaget og stabilitet i overkropp. Har du dette på plass når du går fort så er det bra nok . Mantraet har vore: Gjer det enkelt, ha få arbeidsoppgåver og det synes eg vi har lykkas bra med. Eg må få lov å skryte av vår eigen teknikk-guru Nils Magnus Bøen Grave samt utøverane som verkeleg har tatt tak i dette og gjort ein fantastisk jobb – eg er imponert over utviklinga til alle saman, alle har blitt betre teknisk og alle går raskare på ski. Nydeleg!

Denne samlinga var fyrste gong vi har vore på ski iår, det er ein bitteliten forskjell på rulleski og ski men etter eit par økter er den utjamna. Vi køyrte to hardøkter på ski, type progressiv intervall med 3 lange i3-drag og to i4-drag. Ellers lite banebrytande trening å melde om.

Kattungar

Vi avslutta samlinga på Lillehammer med ei open økt og ein steinhard 10×3-intervall. Veldig moro at så mange ville vere med, det skjerpar oss litt ekstra og gjer økta litt “nerve” sidan det er utøverar vi ikkje trener med til dagleg.

Open økt med 10x3

Oppsummeringsvis har vi hatt litt fleire utfordringar denne hausten kontra fjoråret då alt flaut på skinner. Det har vore krevande for både utøvarar og trener å handtere uforutsette og traumatiske hendingar ingen skal måtte oppleve. Eg synes vi har handtert det så godt som vi har kunna og fått gjort noko konstruktivt ut av det vi har kunne gjere noko med. At ein sit igjen med fleire spørsmål enn svar er kanskje noko ein må innfinne seg med og akseptere. Resten av laget har vore veldig støttande og flinke til å ta vare på dei som var tyngst involvert, livet må gå vidare og ein normal kvardag kan hjelpe mykje på nettopp det. Vi er konkurrentar men også venner som er tettast på kvarandre, samlinga i Hemsedal var veldig emosjonell og sterk så nært hendinga, det er ofte i motgang ein kan sjå kven som verkeleg bryr seg, Vest-family var enomormt sterke den veka der <3

Vest-family <3

Som i alle større treningsgrupper så har vi også hatt nokon “vanlege” skader og sjukdom men dei aller fleste har fått gjort ein solid treningsjobb utan for lange opphald – Eg er iallefall heilt sikker på at vi blir minst like gode som ifjor!

Next up er snøsamling neste veke, destination unknown foreløpig – hadet på badet!