Beitostølen

Publisert 18.11.2019 | Ukategorisert

No er det kun 3 dagar igjen til det brakar laus på Beitostølen. Sesongopning i langrenn er himmel og helvette på ei gong, så mange draumar som knuses og kanskje nokon få som innfris. Kven blir årets komet, kven tek steget, kor lenge varer det? Blir det Worldcup på nokon utanom elitelaget? Kven har dei beste skia, dei beste slipane, dei beste produkta, er det noko nytt på gang som ingen andre har? Kven jobber hardare enn alle andre i smørebua, kven er tidligst oppe og testar ski aller fyrst – det er så viktig! Forventingar, draumar, håp, frykt, angst, glede, sorg – alt kokes i same gryta til helga. Det er ein lapskaus av følelsar, kaos og eit inferno av stress. Kven ser kulast ut bak dei råaste brillene, kven er mest fokusert og overser deg glatt, kven går fortare på intervall-draga dagen før enn på sjølve konkurransen, kven tek den ekstra joggeturen dei absolutt ikkje treng? Kven spelar spelet – dysser ned seg sjølv og hauser opp alle andre? Kven er mest politisk korrekt og seier at Beitostølen ikkje er så viktig, vinteren er då så lang, vi treng litt skirenn å komme i form på?

Snupper

Etter 6 mnd med grunntrening skal vi nå altså konkurrere og alt skal forløses. Alt vi har lurt på i heile sommar og haust skal vi få svar på, er vi blitt betre eller dårlegare, har vi gjort ein bra nok jobb, er vi betre enn dei vi var like gode som ifjor? Rekk opp handa den som ikkje er spent, dei som ikkje kjenner litt på nervene no dei lyg. Eg er spent og eg gledar meg skikkeleg, det håpar eg resten av laget gjer og.

Testing testing

Vi har hatt samling på Lillehammer, Fyresdal, Voss, Hemsedal, Førde, Torsby og Trysil. Vi har trent meir og endra litt på treningsfilosofi som lag, vi er betre fysisk enn vi har vore før, det har vi tal på. Vi er betre teknisk enn vi har vore før, det kan vi sjå. Gir det resultat? Ifjor presterte vi dette på Beitostølen: 10/15km klassisk 19-23-42-66, sprint skate 4-15-21-46, 10/15 skate 9-12-23-24-34-47-66-69. Kanskje ikkje den råaste rekka men det var vi faktisk godt fornøgde med. Blir vi betre enn dette iår? Ja det blir vi.

Nilsebass – årets trener

Då er det bare å langtidskoke den berekraftige kakaoen, sette deg med det økologiske saueteppet i stoga og vente på fredag kl 0950 – då startar sendingane med prolog klassisk på Nrk1. Vi har 4 på start – Gjøran, Aron, Sondre og Sivert. Resten av dei beste snuppene ser du på laurdag og sundag, vi går for å gje deg ein god opplevelse!